Hopp til innhold

Rask levering og gratis retur

Skarbø gard

På Skarbø Gard lagar vi prisvinnande sider av saftige, økologiske eple, og smakfulle kvalitetsostar av fersk, upasteurisert mjølk frå eigen buskap.

Kristine vaks opp som odelsjente på Skarbø. Her vart ho veldig glad i kyr, fjell og bygda si, og kjende også ei stor oppdagarlyst. Som 16-åring fekk ho ein gylden sjanse til å bu eit år i Tokyo, og seinare vart det studiar på Ås som førte vidare til ein PhD-grad i antropologi i USA. Som student og forskar fekk ho moglegheiter til å leve mange stader rundt omkring i verda. På vegen traff ho Carlos, og då dei budde i Medellin, Colombia, bestemte dei seg for å vende tilbake til Noreg og bli bønder på Stranda. Dei første åra vart gardsarbeidet kombinert med arbeid på Vestlandsforsking og NMBU, men no er dagane fylte til randa av røring i ystekaret, prøvesmaking og andre sprell på garden.​

Carlos kjem frå Andalucia i Spania. Han vaks opp som bygut, men har røter på Granadakysten og i Sierra Nevada, der mange i slekta driv jord- og hagebruk. Familien dyrkar og lagar sin eigen vin, og i oppveksten fylte dei byhagen med høner, grønsaker, avocado og sitrustre. Slekta har geiter og kyr som beitar i store fjellområde ovanfor Granada, og somrane fekk Carlos og syskena vere med på små og store eventyr hjå besteforeldra her oppe. Carlos studerte skogfag og vart ingeniør, og når han ikkje er i sving på garden er han å finne i staben til Stranda kommune.

Skarbø er mellom dei eldste gardane på Stranda, og folk har levd og dyrka jorda her i minst eit årtusen. Skarbøgarden strekk seg frå fjøresteinane og opp mot setra Smørhola. Ned frå fjellet, midt gjennom garden og ut i fjorden renn Skarbøelva, og dannar eit skar i bøen. Ein dag i 1870-åra dreiv tippoldefar, Rasmus Skarbø, og arbeidde jorda på Storåkeren nedanfor tunet. Då fann han eit sverd og eit bryne frå Vikingtida. Det er både underleg og fint å tenkje på at forfedrane og -mødrene våre har dyrka denne same jorda som vi i dag tek hand om og lever av, i mange hundre år.

GRATIS FRAKT

på bestillinger over 1500 NOK

LEVERING 1-3 UKE DAGER

Vi sender med Posten

STØTT SMÅ OG LOKALE BEDRIFTER

og bidra til å bevare Torebuda

SIKKER BETALING

med Klarna, Vipps eller Paypal