Torebuda
0,00,-
Lukk
Handlekurven er tom

Skjåkgryn bygg

30,00,-
Antall:
  • Støtt en lokal butikk!

Bygg er sjølve urkornet og har vore dyrka i bygdene nord i Gudbrandsdalen i uminnelege tider. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidantar, B-vitamin og mineral – sunt og næringsrikt.

Forskningsresultat viser at vekstvilkåra for bygg i Nord-Gudbrandsdalen med kaldt klima og store variasjonar på dag- og nattetemperatur gjer at kornet må lagre energi i eit format som bind vatn på ein annan måte. Denne forsvarsmekanismen i kornet bidreg til at bygg frå Skjåk har naturleg høge verdiar av betaglukan (vannløseleg kostfiber). Forskningsdirektør i Matforsk Einar Risvik sier: »En gammel kornsort som bygg inneholder de største mengdene med kostfiber vi kjenner til og kan atter bli en bærebjelke i kostholdet».
I tillegg inneheld bygg frå Skjåk ekstra mykje protein og har like stort innhald av antioksidantar som blåbær.

Skjåk har mindre nedbør enn Sahara. Bygdefolket vatnar difor jorda med vatn frå brear og fjell. Dette gjev rett mengde vatn til rett tid, og legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet.

Skjåkgryn er sjølve byggrynet – ekte, tradisjonsrikt og opphavleg. Prøv Skjåkgryn neste gong du skal lage mat, som eit godt alternativ til ris, potet eller pasta.

Alternative produkter

Kunder som så på dette så også på

Trykk ENTER for å søke