Hopp til innhold

Rask levering og gratis retur

Ny

Blåklokka, Haren og Morfar, tre historier

299,00,-

Blåklokka, Haren og Morfar, tre historier, ei bok av Janne Kristin Lid Boka inneheld tre ulike historier. Den første historia handlar om blåklokka. Ho drøymer om å få vere med i ein blomekrans på sjølvaste jonsokkvelden. Dei andre markblomane er store og kraftige, vil blåklokka som er så lita og spinkel, bli plukka? Den andre historia handlar om ein ung hare som har kome vekk frå foreldra sine. Haren er engsteleg og gøymer seg i ein mur nær ei hytte. I byrjinga er han redd for menneska som bur i hytta, men kva skjer når han oppdagar at dei er snille? Den tredje historia handlar om ei jente som mistar morfaren sin like før jul. Den mjuke og gode kjensla som jenta vanlegvis har i adventstida, endrar seg brått. Jenta blir redd for at gleda og julestemninga ikkje vil kome tilbake nokon gong. Natta etter gravferda til morfaren drøymer jenta noko som gir håp. Boka inneheld ein del tekst og eignar seg difor best som høgtlesingsbok for barn frå 6 år og oppover. Boka inneheld fine illustrasjonar av Rita Backer Hjorthaug og Åshild Hansejordet.

Informasjon

Blåklokka, Haren og Morfar, tre historier, ei bok av Janne Kristin Lid

Boka inneheld tre ulike historier.

Den første historia handlar om blåklokka. Ho drøymer om å få vere med i ein blomekrans på sjølvaste jonsokkvelden. Dei andre markblomane er store og kraftige, vil blåklokka som er så lita og spinkel, bli plukka?

Den andre historia handlar om ein ung hare som har kome vekk frå foreldra sine. Haren er engsteleg og gøymer seg i ein mur nær ei hytte. I byrjinga er han redd for menneska som bur i hytta, men kva skjer når han oppdagar at dei er snille?

Den tredje historia handlar om ei jente som mistar morfaren sin like før jul. Den mjuke og gode kjensla som jenta vanlegvis har i adventstida, endrar seg brått. Jenta blir redd for at gleda og julestemninga ikkje vil kome tilbake nokon gong. Natta etter gravferda til morfaren drøymer jenta noko som gir håp.

Boka inneheld ein del tekst og eignar seg difor best som høgtlesingsbok for barn frå 6 år og oppover. Boka inneheld fine illustrasjonar av Rita Backer Hjorthaug og Åshild Hansejordet.

GRATIS FRAKT

på bestillinger over 1500 NOK

LEVERING 1-3 UKE DAGER

Vi sender med Posten

STØTT SMÅ OG LOKALE BEDRIFTER

og bidra til å bevare Torebuda

SIKKER BETALING

med Klarna, Vipps eller Paypal